Vi inviterer deg til ein konferanse der vi set søkjelys på tillitsvalde si rolle, før - under og etter ei omstilling. Gjennom faglege innlegg, erfaringsdeling og diskusjonar vil vi utforske korleis vi saman kan skape gode omstillingsprosessar med medverknad, openheit og tillit.
Velkomen til ein dag med læring, refleksjon og nyttige møtepunkt med tillitsvalde frå heile regionen.
Program:
- Kva er viktig før ei omorganisering - tillitsvalde si rolle
- Det juridiske aspektet i ei omorganisering
- Tillitsvald deler erfaringar frå omorganisering
- Nye moglegheiter– vi får høyre om ei verksemd i vekst som vart etablert etter ei omorganisering
Praktisk informasjon:
- Vi startar med lunsj. Du melder frå om eventuelle allergiar ved påmelding
- NITO dekker reisekostnader til arrangementet
- Dersom du vert trekt i løn hos arbeidsgjevar dekker NITO tapt arbeidsforteneste
Iren Langhelle Nordhus
Seniorrådgiver NITO Nord-Rogaland og Sunnhordaland